Gullbringhallen er heimebane for Skarphedin handballgruppe og Bø Volleyballklubb. I tillegg vert hallen bruka til undervisning av Bø ungdomsskule, Bø vidaregåande skule og Høgskolen i Telemark - avd. Bø.
Gullbringhallen er ein fleirbrukshall på 24 x47 meter som kan delast i tre med lydskillevegg og nettskillevegg. Golvet har dansk bøkeparkett(flateelastisk), og utanom 1 handballbane, kan hallen delast i t.d. 3 volley-/basketballbanar eller 9 badmintonbanar.
Det er også et komplett innebandyvant m/mål tilgjengelig i hallen.
Den har 3 garderobesett med 2 garderobar i kvar. På tribunen er plass til 600 personar. Hallen kan også brukast til konsertar og messer. Som utsmykking og eit eige idrettsanlegg i hallen finn du ein klatrevegg på 7,2 m breidde og 8,9 m høgde.