ØVINGSLOKALE FOR BAND
Speler du i band? Vil du spele i band? Treng du ein stad å øve? Bø for Banda er ein samanslutning av alle dei banda som øver i konteinaren ved Gullbring. Det er Bø for Banda som eig, driv og held øvingskonteinaren vedlike.
I øvingskonteinaren er det ulike instrument, PA-anlegg og mikrofonar så det er godt egna for øving til all slags musikk. Både ungdommar og studentar kan bruke lokala.
Øvingskonteinaren er open 10:00 – 21:00 på kvardagar og 13:00 – 18:00/21:00 i helgene.
Kontaktinformasjon:
Per Magnus Finnanger Sandsmark
Trefftid: 14:00 – 17:00 på onsdagar (Gullbring). Avtal gjerne tid på førehand.
For å øve må du skrive under kontrakt, betale 300 kr og bli medlem i Bø for banda. Då får du medlemskort og høve til å låne nøklar til konteinaren på Gullbring.
Nøklar skal hentast og leverast i informasjonsskranken på Gullbring i opningstida: 1000-2100 (måndag – fredag), 1300-1800/2100 (laurdag og sundag).
Nøklane kan lånast mot at du:
- syner medlemskortet i ”Bø for Banda”.
- skriv under på skjema i skranken på Gullbring.
- betalar eit depositum på 200 kr (som du får attende når du leverer attende nøkkelen). Ved tap av nøkkel må du betale 1 000 kr.