Nye Sjodar | Aasmund Nordstoga & Åsmund Reistad
Billetter
Om arrangementet
Jol med Aasmund og Åsmund!
Aasmund Nordstoga & Åsmund Reistad
Sundag 6. desember
Nye Sjodar folkemusikkscene, kl 17:00
335,-
Snart tindrar stjerner i gnistrande klar desembernatt. Då byd Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad på jolekonsert. Konserten byd på jolestemning i duoformat. Det blir perler frå salmeskatten og nyare verdslege jolesongar som lokkar fram lukten av granbar og eimen av jolebakst. Det blir høgtid og fest, frå Elias Blix til Alf Prøysen samt ein sving innom jol i Vinje ved Tarjei Vesaas.
I meir enn 25 år har Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad gledd publikummet sitt med lun formidling, varm humor og speleglede! På scena er duoen noko for seg sjølv. Dei framførar viser og folketonar av ulike slag – vakre, morosame, stillferdige og fengjande. Nokon har kalla konsertane deira for ei musikalsk lukkepille.
Aasmund Nordstoga - vokal
Åsmund Reistad - gitarar
Konserten vert ei fin avslutning på jolemarknaden på Evju bygdetun.
Velkomen!
