Årsmøte Telemarkfestivalen

Om arrangementet

Velkomen til Telemarkfestivalen sitt årsmøte som vil finne stad onsdag 1 . februar kl 18:00 på Oppåstugo i Gullbring kulturhus.

Her vil me presentere årsmelding og rekneskap for 2022 og budsjett for 2023, samt velje ny styresamansetting. Kanskje me óg røpar litt av programmet for årets festival?

Etter årsmøtet vert det musikalsk innslag frå Sunniva Langås-Røiland og det som vert ei spennande og interessant fagleg samtale mellom Nanna Løkka - seniorforskar innanfor kulturliv og kulturpolitikk ved Telemarkforsking - og Mats Johansson - professor i musikkvitskap ved USN Rauland. Dei vil snakke om kva berekraftig utvikling kan bety når ein snakkar om kulturpolitikk, festivalar og immateriell kulturarv som folkemusikk.

Kl 18:00 - ca 19:15
Årsmøte på Oppåstugo

Kl 19:30 - 20:30
Spel og samtale i Framstugo

Samtala er eit samarbeid mellom Telemarkfestivalen, Telemarkforsking og USN.

Både årsmøte og samtale er gratis for alle interesserte.

Det vil vere mogleg å kjøpe seg noko godt i glaset i kiosken i Gullbring i smaband med spel og samtale.

Velkomen!