Bøker i Bø 2026: Seksti kilo solskinn - Hallgrímur og Maren

Om arrangementet

 

Seksti kilo solskin er ei storslått og oppslukande forteljing om nordmenn og islendingar si felles historie på Island. Romanen er den første i Hallgrímur Helgason sin prislønte Seksti kilo-saga, og er hylla som eit meisterverk og eit høgdepunkt innan moderne islandsk litteratur.

Like før jul i 1889 blir den avsidesliggjande bygda Segulfjörður nord på Island råka av eit valdsamt snøskred. Berre ein liten gut overlever – ved å drikke mjølk rett frå kua sitt jur. Slik byrjar historia om Gestur. Les meir på Kagge forlag!

Møt suksessforfattaren Hallgrímur Helgason i samtale med Maren Barlien Guntvedt – som har omsett boka til norsk. Maren har gått på Forfattarstudiet i Bø og hadde skrivekontor på Lifjell kunstsenter då ho omsette Seksti kilo solskin.

Les meir om forfattaren her!