Telemarkfestivalen 2022 | Filmsalongen: "Til stede"

Om arrangementet

Premiere på folkemusikkdokumentar

I 2021 presentererte Telemarkfestivalen og Evju bygdetun eit nytt konsept i lag: «Evju Sessions» - der to utøvarar budde på Evju bygdetun for å lage ny musikk i lag. Første par ut var spelkvinne Johanna Seim og vokalisten Marianna Sangita. Dei presenterte eit fint stykke ny musikk i skjeringspunktet mellom folkemusikk og ekstravagant pop-musikk under fjorårets festival. Men vel så viktig som resultatet var sjølve prosessen knytt til skapinga. Korleis går utøvarane fram i ein slik kreativ prosess? Korleis jobbar dei med kvarandre? Johanna og Marianna sitt samarbeid blei dokumentert med kamera, og no er folkemusikkdokumentaren «Til stede» klar for premierevising.

"Til Stede" er eit visuelt dikt om natur, kreativitet og identitet – skapt for å vekke inspirasjon og debatt. Filmen tek utgangspunkt i temaet folkemusikk og set gamle hardingfeletradisjonar frå Telemark i  eit nytt perspektiv, og den stiller overordna spørsmål om korleis vere menneske i dag; behovet for å vere i kontakt med naturen,  trongen til å skape noko eige og uttrykke seg sjølv, og ønsket om fellesskap og det å føle seg i live.

Etter filmvisinga blir det panelsamtale om filmen med regissør og produsent Johanna Seim med fleire som vil gå nærare inn på tematikken i filmen.

I samarbeid med Filmsalongen og Bø kino.