Ingebjørg Lognvik Reinholdt & Mattis Kleppen «Akkurat her, akkurat no!»

Om arrangementet

Ingebjørg Lognvik Reinholdt & Mattis Kleppen: «Akkurat her, akkurat no!»
Sundag 22. mars 2026
Nye Sjodar, Evju bygdetun
Konsertstart kl. 19.00
Billettpris 275,-

«Akkurat her, akkurat no» er ein ny konsertproduksjon og er ein interaktiv folkesongkonsert som tek sikte på å vere ny kvar gong konserten framførast. Kvedaren Ingebjørg Lognvik Reinholdt vil nytte sitt store repertoar og sin kunnskap om kulturhistoria rundt – og ikkje minst historiene som finst inni songane – som utgangspunkt for ei song- og forteljarstund der publikum vil bestemme retninga for konserten.  Målet er å skape ein ny konsert kvar gong – og idéen til konserten er inspirert av slike tradisjonelle songstunder som det diverre vert færre og færre av rundt omkring. I tillegg vil konserten opne opp kjende og meir ukjende folkesongar og deira historier til nye publikummarar.

Som medmusikar har Ingebjørg Lognvik Reinholdt fått med seg  Mattis Kleppen. Han er kjend som ein innovativ bassist innanfor folkemusikk, der slåttespel på bass har blitt hans varemerke. Kleppen er òg ein god forteljar og glad i det improvisatoriske og spontane. Samspelet mellom Lognvik Reinholdt og Kleppen – både med tanke på det reint musikalske, men òg det improvisatoriske og spontane – vil utgjere ein spennande utgangspunkt for konsertane.  

Ingebjørg Lognvik Reinholdt – vokal
Mattis Kleppen – bassgitar

Velkommen!