Telemarkfestivalen 2022 | Lars-Ingar Meyer Fjeld og Alf Tveit: «Venås-felene»

Om arrangementet

Olav K. Venås i ord og tonar

Lars-Ingar Meyer Fjeld er ein av våre dyktigaste, unge utøvarar på hardingfele. Han er opphavleg frå Sandefjord, men har no gjort bøhering av seg. I tillegg til sjølve spelet er Meyer Fjeld òg svært interessert i felemakar-faget, og dei siste åra har han studert felemakeriet til Olav K. Venås (1877 – 1957) frå Gransherad.

Resultatet av dette arbeidet kan no lesast i boka «Olav K. Venås – bygdegeniet og felemakaren frå Gransherad» som blei gitt ut i februar i år. I boka presenterer han Venås sitt liv og verknad som felemakar. Boka er rikt illustrert med foto av både feler og felespelarar.

I denne konserten vil felespelarane Lars-Ingar Meyer Fjeld og Alf Tveit møtast til prat og spel med Olav K. Venås og felene hans som tema!

 


Medverkande:

Lars-Ingar Meyer Fjeld – hardingfele

Alf Tveit – hardingfele