Norsjø kammermusikkfest 2024: Festkonsert med Tine Thing Helseth

Om arrangementet

Sjølvaste Tine Thing Helseth kjem til Bø!

Det blir storstilt festkonsert på opninga av Norsjø Kammermusikkfest i Gullbring 23. april. På konserten skal Tine Thing Helseth spele med Bø skulemusikk, Telemark messingensemble og dei andre festivalmusikarane.

Tine Thing Helseth har jobba med symfoniorkester og kammerorkester i internasjonal toppklasse, vunne internasjonale prisar og hausta applaus for spelet sitt på seks kontinent (sitat Bø Blad).

Norsjø Kammermusikkfest er ein festival for alle kommunane rundt Norsjø, og bringer kvar vår nokre av Noregs største stjerner innan klassisk musikk til vårt nærområde. Dei fokuserar også på unge talent, og har med både nasjonale og lokale utøvarar som får samspele med dei andre festivalmusikarane. 

Denne jubileumskonserten (10 år) blir sjølve hovudattraksjonen - det blir feststemning i Bø si storstoge når alle samlas. Har du travelt og trur berre du får med deg ein konsert - ja då bør det vere denne! 

Les meir her: https://boblad.no/2023/12/14/jon-far-ei-internasjonal-stjerne-til-opningskonserten/

 

Konsertlengde ca. 2 timer

Foto: Anna-Julia Granberg/BLUNDERBUSS