Telemarkfestivalen 2022 | Norsk kvedarforum – 20 år: Jubileumskonsert

Om arrangementet

Norsk kvedarforum feirar 20 år!

For 20 år sidan tok Agnes Buen Garnås initiativet til å starte ei interesseforeining for den vokale folkemusikken i Noreg. Ho såg behovet for eit eige forum som samla miljøet, og som arbeidde for å vidareføre songtradisjonane. Forumet skulle skape gode møteplassar og synleggjere denne delen av vår immaterielle kulturarv. I samarbeid med Telemarkfestivalen ønskjer foreininga å markere sitt 20- årsjubileum med ein eigen festkonsert med nokre av landets dyktigaste kvedarar. Konserten vil ta for seg foreininga si historie og  den viktige rolla dei har hatt for å fremje den vokale folkemusikken over heile landet. Det gir meining at Norsk kvedarforum feirar sine første 20 år nettopp i  Bø i Telemark. Det var her foreininga hadde sitt aller første møte. Halvor Håkanes og Jarnfrid Kjøk vil leie publikum gjennom konserten som vil ha innslag frå Ingvill Marit Buen Garnås, Rikke Christine Roseng, Vetle Tveiten Hoslemo og Lars Fiverstad Småberg som representerer kvar sin tradisjon frå kvart sitt trradisjonsområde.

 

Festivalutstilling: Ein songar som har vore viktig for den vokale folkemusikken, er Talleiv Røysland (1897-1981) frå Lårdal i Telemark. Kunstnar Wenche Øyen kjende Talleiv og måla fleire portrett av han. Ho vil dele vakre og morosame historier frå hans siste leveår, som er ukjende for dei aller fleste. Hennar portrett vil stillast ut i foajéen i Gullbring kulturhus under Telemarkfestivalen.   

 

Gratis festivaldans etter konserten! 

 

Ønskjer du å få med deg både «Draum» og Norsk kvedarforum sin jubileumskonsert? Då kan du kjøpe ein eigen billett for båe konsertar her!

 

Medverkande:

Ingvild Buen Garnås – kveding frå Telemark

Rikke Christine Roseng – kveding frå Vestfold

Vetle Tveiten Hoslemo – kveding frå Setesdal

Lars Fiverstad Småberg – kveding frå Hallingdal

Jarnfrid Kjøk og Halvor Håkanes – programleiarar