Nye Sjodar | Alf Tveit & Sunniva Langås-Røiland
Billetter
Om arrangementet
Alf og Sunniva på Nye Sjodar!
Alf Tveit & Sunniva Langås-Røiland
Sundag 13. oktober 2024
Nye Sjodar, Evju bygdetun
Kl. 18.30 - konsertstart kl. 19.00
Billettpris 265,-
Denne kvelden blir det konsert med to lokale utøvarar frå Midt-Telemark som representerer noko av det fremste av hardingfelespel innanfor sine generasjonar.
Alf Tveit frå Sauherad kan vel kallast eit veteran i folkemusikksamanheng. Han har mellom anna vunne Landskappleiken to gonger, og i 1998 blei han også krona med kongepokalen. Han har spelt i mang ein krik og krok av Noreg, og fela har også tatt han langt ut i verda. Etter mange år på Dalen, flytta han som pensjonist tilbake til heimtraktene, og i dag er han busett på Gvarv.
Sunniva Langås-Røiland frå Bø står på terskelen til eit langt musikkliv. Etter grundig hardingfeleopplæring i kulturskulen og deretter på musikklinja i Skien og folkehøgskule på Hamar, har ho i haust starta på folkemusikkutdanninga ved Noregs musikkhøgskule.
Utøvarane har stått saman på scena med Spelemannslaget Bøheringen nokre gonger, men dette blir første gong ein får høyre ein konsert der desse to solistane sit aleine framfor publikum.