Nye Sjodar | Alf Tveit, Per Anders Buen Garnås, Lars-Ingar Meyer Fjeld

Om arrangementet

Myllarguten-konsert med tre av dei beste!

Nye Sjodar | Alf Tveit, Per Anders Buen Garnås og Lars-Ingar Meyer Fjeld 
Fredag 12. juni, kl. 19:00
Nye Sjodar folkemusikkscene - Evju bygdetun
275,-

Tre av landets fremste spelemenn møtest til ei heilt spesiell konsertoppleving når Alf Tveit, Per Anders Buen Garnås og Lars-Ingar Meyer Fjeld går saman på scena på Nye Sjodar fredag 12. juni i eit program via til Torgeir Augundsson - betre kjend som Myllarguten. I år er det 225 år sidan den legendariske spelemannen vart fødd. Gjennom både spel og forteljing vil dei løfte fram livet, musikken og mytane kring Myllarguten. 

Kl. 18:00 vert det opning av sommarutstillinga "Spel og dans gjennom 300 år i Midt-Telemark på Evju bygdetun. 

Konserten er ein del av fylkeskappleiken i Telemark som finn stad på Nye Sjodar laurdag 13. juni mellom frå kl 13:00. 

Barn og unge under 20 år kjem inn gratis.

 

Velkomen!