Nye Sjodar | Bukkene Bruse

Om arrangementet

Bukkene Bruse opnar hausten på Nye Sjodar!

Bukkene Bruse
Sundag 15. september 2024
Nye Sjodar, Evju bygdetun
Kl. 17.30 - konsertstart kl. 18.00
Billettpris 335,-


Annbjørg Lien, Arve Moen Bergset og Steinar Ofsdal kom saman for fyrste gong i 1989 for å spela under opninga av BI i Sandvika kvar for seg. Sidan dei var samla, prøvde dei seg på litt samspel. Det gjekk over all forventning, og den vidare historia er eit eventyr av ei karriere.

Steinar Ofsdal var allereie ein godt etablert artist med ei rekkje utgjevingar bak seg då historien starta, men dei to ungdomane var heller ikkje uskrivne blad. Arve hadde vunne Spellemann i 1987 for plata «Arvesølv» og fekk oppslag på Dagsrevyen då han kom i stemmeskiftet. Annbjørg var frå tidleg alder særs dyktig og drivande på hardingfele med kappleikssigrar i fleng og med den ferske soloplata Kjellstadslåttar i kofferten.

Bukkene Bruse har gjeve ut fem album, har vunne Spellemannpris og motteke Prøysen-prisen. Trioen fekk turnéar i inn- og utland, og musikken tok dei verda rundt frå Kina til dei amerikanske sørstatane. Dei vart utnevnde som offisielle OL-musikarar for OL på Lillehammer 1994, eit oppdrag som tok dei til Atlanta, Tokyo, Barcelona og München saman med Dronning Sonja si vinterutstilling, og overalt der dei kom tok dei publikum med storm.

Det har no gått 33 år sidan dei fyrst møttest i samspel, og åra etter har vore stappfulle av musikk og ulike slags musikalske prosjekt for alle dei tre musikarane. No kjem dei til Nye Sjodar med instrumentkassene fulle av speleglede for å gjeve oss nye opplevingar med gamle låter.

 

Annbjørg Lien – hardingfele, nyckelharpe,
Arve Moen Bergset – kveding, fele og hardingfele, 
Steinar Ofsdal – fløyter

OBS!
Dørene opner kl 17:30 med konsertstart kl 18:00!