Nye Sjodar | Kari Svendsen & Steinar Ofsdal
Billetter
Om arrangementet
Kari og Steinar på Nye Sjodar!
Kari Svendsen & Steinar Ofsdal
Sundag 8. februar 2026
Nye Sjodar, Evju bygdetun
Konsertstart kl. 19.00
Billettpris 335,-
Sundag 8. februar vil Kari Svendsen og Steinar Ofsdal fylle Nye Sjodar folkemusikkscene med varme, humor og levande musikk. Svendsen står fram med sitt kjende glimt i auga og ei røyst som ber viser med både styrke og sårleik. Banjoen kling tett på publikum, og historia i songane får nytt liv.
Ofsdal svarar med eit fløytespel som er både virtuost og roleg, fullt av nyansar og leiken energi. Saman skaper dei eit nært og balansert samspel, der viser og folketonar flyt sømlaus mellom humor, alvor og små forteljingar frå scena.
I lag med den intime atmosfæra på Nye Sjodar vil me garantert sitje att med kjensla av å ha vore med på noko genuint og varmt – rett og slett ei perle av ein konsert med to framifrå formidlarar!
Velkomen!
