Telemarkfestivalen 2026 | Opningskonserten

Om arrangementet

Konfekteska med dei mange gode bitane!

Opningskonserten
Fredag 7. august 2026
Storsalen, Gullbring, kl. 19:00
365,- inkl. bill.avg.

I årets opningskonsert vil me møte dei meritterte folkemusikarane Kirsten Bråten Berg, Leiv Solberg, Åsmund Solberg og Johanne Flottorp, der sistnemnde òg vil framføre Haugerud-slåttar for fleire stemmer i lag med Sunniva Langås-Røiland. Me vil møte visesongar Marie Tveiten frå Seljord og Sam Amidon med særeigen blågras frå Vermont i USA. Me vil møte Magnhild Garnås Haugen og Audun Rørmark med band som vil presentere deira tolkingar av nokre låtar frå den legendariske plata «Rosensfole» frå 1989. Me vil møte gjengen i Folkemusikk fordjuping som viser seg fram med song, dans og spel– og sist men absolutt ikkje minst: me vil møte Spelemannslaget Bøheringen, og dansarar frå Bø dansarring og Nes nasjonale dansarring som avsluttar kalaset.

Statssekretær i Kulturdepartementet, Trude Storheim, vil formelt opne årets festival, medan skodespelar Ida Ursin-Holm vil leie oss gjennom konserten med stødig hand!

Velkomen til ei nydeleg konfekteske av ein konsert!