Ottar Kåsa & Johannes Martens: "Grovt og grant"

Om arrangementet

Ottar Kåsa & Johannes Martens: «Grovt og grant»
Sundag 19. april 2026
Nye Sjodar, Evju bygdetun
Konsertstart kl. 19.00
Billettpris 275,-

Tittelen for konserten er inspirert av eit samarbeid mellom Myllarguten og Håvard Gibøen som kalla det for «grovt og grant» når dei spela i oktav til kvarandre – noko Kåsa og Martens vil gjere mykje av i denne i konserten med hardingfele og hardingcello. Kåsa og Martens var medlemmar av ein strykekvintett som framførte tingingsverket «Istem» under Telemarkfestivalen i 2025. I strykekvintetten hadde alle instrumenta understrengar i form av hardingfeler, hardanger d’amore, hardingbratsj og hardingcello. Det som òg var spesielt med denne konserten var at alle instrumenta vart laga av hardingfelespelar og felemakar, Ottar Kåsa. I «Grovt og grant» vil Ottar Kåsa og Johannes Martens utforske samspelet mellom hardingfele og hardingcello yttarlegare.

Spesielt for hardingcelloen er at ho har ei femte, ekstra streng øvst, tilsvarande toppstrengen på hardingfela. Dette gjer det mogleg å spele tradisjonelle slåttar éin oktav lågare, noko som gjev musikken ein suggererande klang som ingen har høyrt før.

Ottar Kåsa er ein tradisjonsberar innan hardingfelespel frå Telemark, og er oldebarn av Myllarguten sjølv. Johannes Martens er klassisk utdanna, men har arbeidd mykje med både folkemusikk og barokkmusikk.

Ottar Kåsa – hardingfele
Johannes Martens – hardingcello

Velkommen!