Øyonn Groven Myhren & Marit Karlberg «Tostemt»
Billetter
Om arrangementet
Øyonn Groven Myhren & Marit Karlberg: «Tostemt»
Sundag 1. mars 2026
Nye Sjodar, Evju bygdetun
Konsertstart kl. 19.00
Billettpris 275,-
Her får du finurlege arrangement, rytmisk snert, humor og varme. Øyonn og Marit er av våre fremste kvedarar med ei lang rekkje soloplater, prosjekt, prisar og kappleikssigrar i bagasjen. Øyonn er nok mest kjend for samarbeidet med Odd Nordstoga om tingingsverket “Nivelkinn”, og Marit kjenner mange som eine halvparten av duoen Sudan Dudan. Dei var også sentrale i vokalkvartetten Dvergmål, som gav ut platene “Visor og kvæde frå Blåberglandet" (Grappa, 1996) og "Song i himmelsalar" (Heilo/Grappa, 2004), den fyrste Spellemannpris-nominert. No har dei to tatt opp att tråden, og fordjupa seg i slåttetralling og hardingfeleslåttar frå Telemark og Valdres, som dei har overført til vokalt duoformat. Dei har også funne fram eit knippe danseviser som dei syng med lyre- og langeleikspel til.
Øyonn Groven Myhren – vokal og lyre
Marit Karlberg – vokal og langeleik
Velkomen!
