Ni liv - Nytt album!

Om arrangementet

I år feirar Ni Liv 20-årsjubileum med nytt studioalbum som kjem ut i slutten av oktober.

Ni Liv er det lokale americana-band frå Bø og Telemark med tekstar på norsk. Musikken er i landskapet folk, country, rock og vise. Ni Liv har sidan starten i 2003 spela over 500 konsertar rundt i Norge og gjeve ut 8 studioalbum, 2 ep'ar og ei konsertplate. Plata «Langhelg» frå 2011, blei nominert til Spelemannspris i countryklassa.

Bandet har vore spelelista på Nrk P1 over 15 gonger, sist med songen "Kan eg få lov til å elske deg" frå det siste albumet «Tell til tjuge» (Grammofon, 2020).

I år feirar Ni Liv 20-årsjubileum med nytt studioalbum som kjem ut i slutten av oktober.

Frontfigur Jon Solberg og gitarist Jan Birger Akerhaugen har laga musikken til nyplata. Tekstane står Solberg for. Dei gjev eit usminka blikk pålivet, kjærleiken og tida me lever i. Orda er festa i bygdekultur, skog og fjell, bil og landeveg. Ni Liv skriv og komponerer, arrangerer og produserer all musikken sin sjølv, og spelar inn låtane live i studio. Det skal vera levande og ekte.

18. års grense.