Silje Hegg & Torhild Ostad - «Seljesong»
Billetter
Om arrangementet
«Seljesong» Torhild Ostad & Silje Hegg
Vokalist Torhild Ostad og fløytist Silje Hegg har kjend kvarandre i 25 år, og dei har fleire gonger snakka om at dei har lyst til å halde konsert i lag, men det har aldri skjedd før dei under Telemarkfestivalen 2021 møttast dei til det som blei ein intim og stemningsfull konsert i Bø gamle kyrje. Ostad og Hegg trivast i dei små rom. I små rom med lukt av tre og tjære? Harde benker og mjuke tonar. Akustisk, reint, direkte og varmande. Det store i det enkle. Det nye i det gamle. Kanskje klarer dei å varme nokre sjeler og opne nokre hjarte? Kven veit? Ostad og Hegg held konsertar for dei små rom, der det solistiske uttrykket står i sentrum. Ei stemme og ei fløyte, akustisk, nært og varmande. Repertoaret spenner frå religiøse folketonar og Torhilds nyskrivne tekster og melodiar, til tradisjonelle visetonar og slåttar på seljefløyte og sjøfløyte.
Silje Hegg:
Fødd i 1976, frå Vinje. Ho har vunne Landskappleiken fleire gonger på seljefløyte. Seinast i 2014, då ho stilte for fyrste gong på 11 år, og vann suverent. Ho starta med tverrfløyte ved Vinje musikkskule alt som jente, og konverterte seinare til folkemusikken og slåttespelet. Ho studerte ved Akademiet på Rauland og vart ein av dei få som verkeleg kan denne kunsten, og fører den aktivt vidare. Silje er utdanna sosialantropolog og arbeider til dagleg utanfor musikken. Men hennar autentiske stil og rytmiske snert gjer ho til ein svært omtykt utøvar og ein viktig representant for seljefløyta, eit instrument som av fleire vert peika på som opphavet til den spesielle tonaliteten i både felespel og kveding. Silje Hegg var også med i «Blåmann Blåmann», eit folkemusikkorkester med Asgaut Bakken, Lars Underdal og Odd Nordstoga som turnerte med stor suksess både i inn- og utland fram til 2004. Under Peer Gynt på Gålå i 2015 og 2016 var ho fløytist i orkesteret, leia av Kjetil Bjerkestrand.
Torhild Ostad:
Fødd i 1969 og oppvakse i Eidsvåg i Romsdal. Songar, komponist, tekstforfattar, biletkunstnar. Ostad har studert folkemusikk og folkekunst ved høgskolen i Telemark, Rauland, samt SHKS Oslo. Ho debuterte solo i 1996 med det kritikarroste albumet «Blomar i Moll» (KKV, Produsent Sondre Bratland). «Blomar i Moll» var Noregs første acapella-CD. Etter mange års fråvér frå utøving kom utgjevinga «Jeg roper til deg» (Norcd) i 2017 som var eit samarbeid med den prisbelønnna danske meisterpianisten Carsten Dahl. Også dette albumet blei svært godt motteke i pressa og hos publikum.