"Ska me danse?" med Ottar Kåsa, Ingebjørg Bø og Even Westeng

Om arrangementet

«Ska me danse?» – fritt etter danseprogrammet på TV2 – vil spelemann Ottar Kåsa og danseparet Ingebjørg Bø og Even Westeng vise fram eit flott program med teledansen som hovudelement. Ottar Kåsa er ein av landets mest profilerte spelemenn med fleire sigrar frå Landskappleiken. Han er óg ein av dei fremste utøvarane for dansespel. Ingebjørg Bø og Even Westeng er båe erfarne dansarar innanfor det ein kallar for «teledans».

Konserten vil ha to delar, der første delen av konserten vil bestå av spel og danseoppvising, medan den andre delen av konserten vil bestå av open dans for publikum med Ottar Kåsa som dansespelemann. Ingebjørg Bø og Even Westeng vil i denne delen by publikum opp til dans og kanskje lære vekk ein ting eller to om teledansen.

Ottar Kåsa frå Arabygdi i Vinje er direkte etterkomar av Myllarguten og vart sjølvsagt spelemann og felemakar. Ottar vann landskappleiken på hardingfele i 2011, 2012, 2015 og 2016 og fekk gullmedalje for felemakarkunsten sin i 2018. Det sjølvtitulerte debutalbumet hans frå 2012 fekk både Folkelarm-prisen og Spellemann-prisen det året, og album nummer to «Kjoskrullen» vann Folkelarm-prisen i 2016. I tillegg til virket som felemakar og solospelemann er han også aktiv i den meir rocka folkemusikktrioen «Resjemheia».
Ingebjørg Bø (Bø dansarring) og Even Westeng (Gransherad spel og dansarlag) har dansa teledans mange år, og dei deltek på Landskappleiken kvart år. Ingebjørg vann tevlinga Dans A Hardingfele i 2017 i lag med Ola Narverud, og fekk med kongepokalen med heim til Telemark. I lag er Ingebjørg og Even eit av dei fremste dansapara innan dansedialekta som ein kallar for «teledans» - bygdedansen frå Telemark. Men kva er teledans eigentleg?

TELEDANS
Dei gamle pardansane våre er dei vi kallar bygdedansar, og som blir dansa til slåttespel. Dette er dansar med stor variasjonsrikdom og som har ulik utforming frå distrikt til distrikt. I Telemark har vi gangar og springar, to pardansar som er like i form og vendingar, men ulike i takt. Dansen og spelet er tett knytt til kvarandre, og begge har rom for individuell utforming og improvisasjon. Dette er i utgangspunktet samversdans, dansen var tidlegare ein sjølvsagt del av festleg samkome og gav også etterlengta kontakt mellom gut og jente. Sjølv om fridomen er stor, så er dansen bygd opp av faste element. Ei rekke ulike samdanstak og dansemotiv blir sett saman til ein heilskap, og slike element er dansen i Telemark særleg rik på. Vidare er det gjerne eit lausdansparti, der dansarane slepp kvarandre og dansar kvar for seg. Då viser gjerne jenta kor god ho er til å svive, mens guten kan krydre dansen med eit sprekt kast.

Medverkande:
Ottar Kåsa – hardingfele
Ingebjørg Bø – dans
Even Westeng – dans