Telemarkfestivalen 2024 | «Bergekongen»

Om arrangementet

Ny framvising frå neste generasjon folkemusikkutøvarar!

Folkemusikk fordjuping: «Bergekongen»
Laurdag 10. august 2024
Storsalen, Gullbring kulturhus, kl. 18:00
285,- inkl. bill.avg.

Fordjupingskurset Folkemusikk fordjuping er eit tilbod til unge utøvarar innan folkemusikk og -dans i vår region. I 2024 har dei jobba med framsyninga, «Bergekongen» som vil ha si premiere under årets festival. Framsyninga  har sitt utgangspunkt i dei kjende folkevisene «Margit Hjukse» og «Liti-Kjersti og Bergekongen» frå Telemark. Begge visene fortel om korleis dei to jentene vert bergtekne og tatt med inni berget av Bergekongen, og dei forsøker å sleppe ut att – noko Bergekongen ikkje er særleg begeistra for.

Folkemusikk fordjuping vil dramatisere innhald og bodskap i visene i ei eiga framsyning med skodespel, spel, song og dans. Dans og spel vil bli synt fram med nyskriven koreografi, komposisjonar og nye arrangement.

Bli med på ei spennande reise inn i Bergekongen sitt rike!


Idé og manus:
Even Ellegaard Westeng
Koreografi: Jan Ivar Lund
Kostyme: Ingvild Flottorp, Anne Britt Seljord  Amundsen og Ellen Hogstad-Erikstein
Lærarar og musikarar: Lars-Ingar Meyer Fjeld, Johanne Flottorp, Ingebjørg Lognvik, Even Ellegaard Westeng

På scenen: Ellen Erikstein, Olav Brennemo Eriksen, Mari Bergskås, Lotta Maylen Finset, Sigrid Midtbø, Eskil Evju Fjeldly, Jon Romtveit, Anne Garden, Mari Røysland, Gisle Snarteland, Åste Tveito Fæhn, Aurora Lie Verpe, Anne Britt Amundsen, Synne Eintveit, Endre Stulien, Hanna Mårdalen Hansen, Åste Våle, Gunhild H. Vreim, Ingrid Nordstoga, Aksel Hovda Rostad, Guro Høibo.

Framsyninga er eit samarbeid med Midt-Telemark kulturskole og Sørnorsk folkemusikksenter og er støtta av Sparebankstiftelsen DNB. 


Obs! Born til og med 14 år kjem gratis inn på framsyninga, men må hente ut eigen plassbillett!