Telemarkfestivalen 2024 | Borgjakonserten

Om arrangementet

Hardanger og Telemark møtast i Borgjakonserten

Borgjakonserten: Per Anders Buen Garnås & Alexander Aga Røynstrand 
Sundag 11. august 2024
Nye Sjodar – Evju bygdetun, kl. 15:00
335,- inkl. bill.avg.

I den tradisjonelle Borgjakonserten vil me i år møte Per Anders Buen Garnås frå Bø i Telemark og Alexander Aga Røynstrand frå Granvin i Hardanger. Det vert eit spennande møte mellom to av våre mest røynde hardingfeleutøvarar som dei siste åra har veksla på å vinne Hardingfele klasse A på Landskappleiken. Det er ikkje berre to framifrå utøvarar som møtest – det vert òg eit flott møte mellom to sterke hardingfeletradisjonar. Når dei møtest på Nye Sjodar vil dei framføre slåttar i formene dei har med seg heimanfrå i eit klingande møte med deira eigne personlege uttrykk.

Per Anders Buen Garnås er utdanna ved Spelemannsskulen ved Ole Bull-akademiet på Voss, og vart under Folkelarm i 2022 kåra til “Årets folkemusikar”! Han har vunne Landskappleiken på hardingfele fem gonger, han har vunne FolkeLarm-prisen to gonger, og han har vore nominert til Spellemann-prisen tre gonger.

Alexander Aga Røynstrand er utdanna ved Spelemannsskulen ved Ole Bull-akademiet, og han har vunne Landskappleiken på hardingfele to gonger. I år gav han ut debutalbumet «Heimom» til strålande kritikkar.

Nes nasjonal dansarring vil ha danseoppvising før konserten. Feleutstillinga på Evju bygdetun vil vere open.

Obs! Evju bygdetun sel deileg spa-suppe og lappar før og etter konserten!  

Medverkande:
Per Anders Buen Garnås – hardingfele
Alexander Aga Røynstrand – hardingfele