Telemarkfestivalen 2024 | Kajsa Balto

Om arrangementet

Magisk i Konsertlåven!

Kajsa Balto
Laurdag 10. august 2024
Konsertlåven i Nordbøvegen 10, kl. 16:00
250,- + bill.avg.

Gamle tradisjonar møter den moderne verda i Kajsa Balto sitt musikalske uttrykk, der joik og nordsamiske tekstar vert presentert i eit sjeldan sjelfullt lydbilete. Kajsa har dei siste åra markert seg med sitt særeigne vokaluttrykk, og fått mange lovord frå mange hold for sine utgjevingar og prestasjonar frå scenen. Ho framfører musikken sitt med ein fortryllande intensitet, og skapar sterke konsertopplevingar.

Kajsa Balto er oppvaksen i Oslo – ein bakgrunn som har prega hennar innfallsvinkel til tradisjonell samisk musikk. Sidan debuten i 2017 har ho skrive ny musikk basert på tradisjonar frå Kárášjohka der far hennar kjem frå, og ho har henta fram joikar frå eigen familie. Kajsa har dei siste åra samarbeidd med mellom andre Arktisk Filharmoni og Kringkastingsorkesteret, og ho har turnert i inn- og utland med sitt faste band beståande av cello, gitar og trommer. I 2024 kjem det ny musikk!

Det vert ei magisk oppleving i konsertlåven!

Et ypperlig eksempel på hvordan musikken ikke kjenner grenser og blir et felles språk på tvers av kulturer
– Folkemusikk

Kajsa Baltos album «Buot Eallá» var 2020s mest magiske øyeblikk i norsk musikk
-
NRK Kultur

Musikk til å bli trollbundet av
– musikknyheter.no

Medverkande:
Kajsa Balto – vokal
Ragnhild Tronsmo Haugland – cello
Aleksander Sjølie – gitar
Aleksander Kostopoulos -trommer

Velkomen!