Telemarkfestivalen 2024 | Opningskonserten

Om arrangementet

Konfekteska med dei mange gode bitane

Opningskonserten  
Fredag 9. august 2024
Storsalen, Gullbring, kl. 19:00
365,-/495,-* inkl. bill.avg.

I årets opningskonsert vil me møte den skotske supergruppa Dallahan med vakre balladar og raske «jigs and reels», me vil møte folkesongar Øyonn Groven Myhren og multi-instrumentalist Leiv Solberg som er aktuelle med eit konsertprogram om «Gamle-Rikard» frå Rauland, me vil møte gjengen i Folkemusikk fordjuping som byr på ein liten smakebit frå den heilt nye framsyninga, «Bergekongen», me vil få gjenfør med den flotte musikken frå «Veslefrikk med fela» som nyleg vart relansert, me vil møte Ruby Red & the Moonshine Brothers med nydeleg folkemusikk-country, me vil møte Jon Jarle Haugen og Vincent Cross som vil presenterer musikk knytt til arbeidet med jernbanen i Noreg og Amerika – og sist, men absolutt ikkje minst; me vil møte Spelemannslaget Bøheringen og Bø dansarring som avsluttar kalaset.

Leiv Solberg vil formelt opne årets festival, medan Jorid Vale vil leie oss gjennom konserten med stødig hand!

 Velkomen til ei nydeleg konfekteske av ein konsert!

*Billettpris på 495,- gir inngang til konserten med Leiv Solberg og Øyonn Groven Myhren i Framstugo etter Opningskonserten.