Telemarkfestivalen 2024 | Øyonn Groven Myhren & Leiv Solberg: «Gamle Rikard»

Om arrangementet

Den musikalske arva etter «Gamle Rikard»

Øyonn Groven Myhren & Leiv Solberg: «Gamle-Rikard  
Fredag 9. august 2024
Framstugo, Gullbring, ca. kl. 21:00
235,- inkl. bill.avg.

Rikard Aslaksen Berge (1815 - 1902) frå Rauland var ein røynd mann i fjellbygda. Han var ordførar, han var intellektuelt nysgjerrig og vert sagt at Ivar Aasen besøka han på Rauland og følgde etter Rikard med notatblokk medan han arbeidde.

Rikard etterlet seg òg ei musikalsk arv av slåttar, viser, tekstar og folketonar. Hans barnebarn Rikard Berge bevarte mykje av denne arva som vart ein del av utgjevinga «Norsk visefugg» i 1904. Materialet etter «Gamle Rikard» er ufortent lite kjend og gir eit tidsbilete av eit levande musikkmiljø på 1800-tallet. Øyonn Groven Myhren og Leiv Solberg – tremenningar og erfarne musikarar –  utforskar no for første gang musikken til deira felles tippoldefar i ein lun og morosam konsert med gode historier, nydeleg song og godt spel.

Medverkande:
Øyonn Groven Myhren - vokal, lyre
Leiv Solberg - gitar, hardingfele, mandola med meir