Telemarkfestivalen: Annbjørg Lien & Catriona MacDonald med vener

Om arrangementet

Meistermøte mellom Noreg og Shetland

Annbjørg Lien og Catriona MacDonald har kjend kvarandre heilt sidan barndomen, då Catriona i lag med gruppa The Young Heritage og Tom (Tammy) Anderson fra Shetland besøkte Ålesund – der Annbjørg opphavleg er ifrå. Dei to har sidan heldt kontakten både sosialt og musikalsk, med tett samarbeid mellom anna gjennom supergruppa, String Sisters. Catriona MacDonald er elles eit kjend namn for mange i Bø ettersom ho budde her i fleire år. No kjem ho «heim» ein tur for det som garantert vert ein fantastisk konsert i lag med spelsøster, Annbjørg Lien.

Historisk har både den kulturelle og musikalske linken mellom Norge og Shetland vore sterk. I denne konserten vil den forsterka duoen syne fram desse lenkene gjennom både tradisjonelt og nykomponert materiale.

Medverkande:

Annbjørg Lien – hardingfele, nykkelharpe
Catriona Macdonald – fele
Inge Thomson – trekkspill
Tore Bruvoll – gitar
Rune Arnesen – trommer, perkusjon