Telemarkfestivalen 2022 | Borgjakonserten: "Bøheringsspelet"

Om arrangementet

Boka i konsertformat!

Bøheringsspel – kva er det? Dette spørsmålet stiller forfattar Asbjørn Storesund i boka Bøheringsspelet som kom ut hausten 2021. Storesund, opphavleg bergensar, kom til Bø i 1974 då han vart tilsett ved Telemark distriktshøgskule. Han kom tidleg i kontakt med folkemusikkmiljøet i bygda og var aktiv i spelemannslaget Bøheringen både som spelemann og leiar. Interessa for tradisjonen i Bø stakk djupt. Han byrja å samle inn tradisjonsstoff både munnleg og skriftleg. Dette mangeårige innsamlingsarbeidet har resultert i fleire utgjevingar, med Bøheringsspelet som den mest omfattande. Utgjevar er Folkemusikkarkivet i Telemark, med Kari Lønnestad som viktig samarbeidspartnar. Storesund fekk nyleg Rikard Berges pris for boka.

 

Det er ikkje så uvanleg at ei bok blir filmatisert, men kan hende ikkje like vanleg at ei bok blir «konsertifisert». Ideen bak Borgjakonserten på Telemarkfestivalen 2022 er å presentere Bøheringsspelet i eit konsertformat. Gjennom samtale med forfattar Asbjørn Storesund skal vi reise attende til 1700-talet og tidlege musikalske impulsar, frå tradisjonen på Heia via sentrale spelemenn som til dømes Myllarguten og Flatland-spelemennene, Lars Fykerud, Gunnulf Borgen, Kristiane Lund og Anund Roheim, fram til reisa sluttar om lag 1980.

 

Tre spelemenn med forankring i bøheringstradisjonen, Per Anders Buen Garnås, Gudrun Straand og Alf Tveit, skal spela utvalde slåttar som forfattaren har ønskt seg. I den musikalske reisa skal vi også sjå bilete av utøvarar og stader i forteljinga om bøheringsspelet og kan hende får vi svar på spørsmålet Asbjørn Storesund stilte.

 

I samarbeid med Folkemusikkarkivet i Telemark.

 

Medverkande:

Per Anders Buen Garnås – hardingfele

Gudrun Straand – hardingfele

Alf Tveit – hardingfele

Asbjørn Storesund – forfattar

Kari Lønnestad – foto

Anne Svånaug Blengsdalen – programleiar og produsent