Telemarkfestivalen 2024 | Lars-Ingar Meyer Fjeld: «Slåttar etter Johannes Dahle»

Om arrangementet

Plateslepp med slåttar etter Johannes Dahle

Lars-Ingar Meyer Fjeld: «Slåttar etter Johannes Dahle»
Fredag 9. august 2024
Konsertlåven i Nordbøvegen 10, kl. 17:00
235,- inkl. bill.avg.

 Lars-Ingar Meyer Fjeld kjem opphavleg frå Sandefjord og har fordjupa seg i hardingfelespel frå Telemark. Det er spel i Løndal-tradisjon frå Tuddal og Johannes Dahle frå Tinn som er idealet. Han har fleire gonger spelt seg til pallplasseringar i klasse A på landskappleiken. I 2016 kom han ut med si fyrste soloplate: «Hardingfele», på plateselskapet Ta:lik. Denne vart nominert til Spellemannsprisen. No er han aktuell med ny plate med slåttar etter meisterspelemann Johannes Dahle frå Tinn.

Johannes Dahle var ein meisterspelemann som tok vare på dei eldre slåttane etter Håvard Gibøen og Myllarguten, men han komponerte òg nye slåttar, og truleg kan han reknast som 1900-talets største slåttekomponist. Dahle komponerte om lag 60 originale slåttar – alle i hans eige landskap, men samstundes djupt forankra i Tinn-tradisjonen. I denne platesleppkonserten vil me få høyre eit utval av desse særeigne slåttane, i første rekkje framført av Lars-Ingar sjølv, men nokre av dei vil også bli framført av Tinn spelemannslag. I tillegg får me sjå Tinnspringaren og Tinngangaren av dansarane Birgit Haukås og Knut Boksasp Berge.


Medverkande:
Lars-Ingar Meyer Fjeld – hardingfele
Tinn spelemannslag – hardingfeler
Birgit Haukås – dans
Knut Boksasp Berge – dans