Väsen
Billetter
Om arrangementet
Legendarisk duo på Nye Sjodar!
Väsen
Sundag 27. september
Nye Sjodar folkemusikkscene, kl 19:00
275,-
Mikael Marin og Olov Johansson har gjennom meir enn 40 år med intenst samspel og turnéverksemd foredla sounden og nærværet sitt på scena til den grad at dei i dag er heilt unike i sitt slag. Med det leikne og fullendte samspelet sitt ser dei ut til å trosse lovene i fysikken i det som kan verke som ein telepatisk kommunikasjon.
Musikken er intens, dynamisk og full av humor. Med inspirasjon frå augneblikket skaper dei eit heilt eige musikalsk språk som i uttrykket er like moderne som det er gamaldags. Med røtene solid forankra i generasjonar med upplandsk spelemannstradisjon har dei alltid blikket nysgjerrig festa på nye musikalske mål.
På det nye albumet til Väsen, «Vågor», blir lyttaren invitert inn i ei fargerik og uttrykksfull verd. Mange av låtane på dette albumet har tilknyting til vatn. Det er nokre øyar, ei lita vik, ei mølle og nokon som går mot straumen. Bølgjene er alltid der. Dette temaet har sett fantasien vår i sving!
Velkomen til konsert med sjølvaste Väsen på Nye Sjodar!
